Den som held på å bli utbrend, eller som allereie er det, har ofte eit desperat ynskje om å kome seg ut av den situasjonen vedkomande er i. Utmattinga og frustrasjonen som er forbunde med utbrenning, gjer det vanskeleg å sjå løysningar – ein føler seg ”fanga” i situasjonen. Ofte føler ein seg også heilt aleine.
Har ein kome langt nok i utbrenningsprosessen, treng dei fleste hjelp til å innsjå situasjonen og korleis dei skal kome ut av den. Ofte er det ektefellen, ein ven eller sjefen som lyt konfrontere ”offeret” med nokre ærlige tilbakemeldingar og konstruktive løysingar.