Førebyggjing av utbrenning er mykje lettare enn behandling.
Bevisstgjering er eit viktig førebyggingstiltak:
kjenn att symptoma på utbrenning,
innsjå at du har ei avgrensa mengd krefter,
ver bevisst på korleis du har det. Ver merksam på at viss du har vore sliten og energilaus i lang tid, kan du etter kvart oppfatte denne tilstanden som ”normal”,
gjer noko med belastande faktorar i livet ditt.
Andre førebyggjande tiltak er:
betre balanse mellom restitusjon og aktivitet slik at du ikkje bruker meir krefter enn det du har,
tilstrekkeleg med søvn og avkopling,
regelmessig fysisk aktivitet,
et sunt,
ta tak i konflikter og problem – bekymring hjelper ikkje.