Etter rekonvalesens og ved førebyggjing av utbrenning bør du hugse på:
Set grenser
Det er viktig å kunne setja grenser både ovanfor deg sjølv og andre.
Prioriter
Veit du dei grunnleggjande prioriteringane og verdiane dine, vil det vere lettare å setje grenser og seie nei.
Vanskeleg å seie nei?
Nokon gonger seier vi ”ja” berre på refleks. La det difor bli ein vane å tenkje deg litt om før du seier ja, til dømes ved å telje til ti, eller be om litt før du bestemmer deg.
Perfeksjonisme
Viss perfeksjonisme styrer livet ditt, bør du oppsøkje psykolog. For lettare perfeksjonisme kan det å bli meir klar over dine prioriteringar og verdiar, hjelpe. Gjer ting ”godt nok” – du treng ikkje vere best i alt.
Grenselaust arbeid
Det er ikkje lett å setje grenser viss du elskar jobben og nesten ikkje kan få for mykje av den. Når ein er ”rusa” på engasjement og entusiasme, er det vanskeleg å kjenne at ein er sliten.
Jobben er alt
Viss det er arbeidet som definerer identiteten din, vil du føle at du lyt forsetje og arbeide (ofte, arbeide meir) for å føle deg kompetent og viktig. Då kan du risikere å bli arbeidsnarkoman og seinare utbrend.
Problem
Du får eit betre grep på situasjonen din viss du bruker mindre tid på å bekymre deg og meir tid til å ta tak i problema. Ein del konflikter eller uuthaldelege situasjonar er ikkje mogleg å løyse. I staden for å forvente at du kan takle og fikse alt, lyt du i nokre høve berre forlate det heile og gå vidare.
Eigenomsorg
Er du oppofrande, tek vare på andre slik at det går ut over deg sjølv, og meiner at eigenomsorg er egoistisk? Då er du i faresona for å bli utbrend, og du bør:
finne ein balanse mellom desse konkurrerande behov. Det er å ta ansvar og vise sjølvrespekt og tillate seg eigenomsorg og setje passande grenser,
utvikle evna di til å vere empatisk i omsorg for andre og hald sympati under kontroll.