Har du vore utbrend, er det svært viktig at du lærer av det som har hendt slik at du unngår å bli utbrend att.
Faktorar
Bli klar over kva faktorar som førde til utbrenninga og tiltak som kan forhindre at du blir det att.
Krefter
Innsjå at du har ei avgrensa mengd krefter/energi.
Balanse
Syt for balanse mellom aktivitet og kvile, mellom arbeid og fritid. Fortset med sunn mat, gode søvnrutinar og aktivitetstilpassing.
Prioriteringar
Det å bli utbrend gir ei djuptgåande erfaring som kan føre til at du får nye prioriteringar og verdiar i livet.
Skifte arbeid?
Ein må ikkje forlate noverande arbeid for å overvinne utbrenninga. Men viss arbeidsmiljøet eller leiarstilen til sjefen var ei medverkande årsak til utbrenninga di, bør du skifte arbeid. Det bør du også viss det forventast at du skal fortsetje å arbeide slik du gjorde før, og at du ikkje møter forståing for at jobbrutinane må endrast.