For bedrifter som tidligare ikkje har hatt fokus på utbrenning, er det viktig:
å gjere leiarar og tilsette klar over utbrenning og symptoma slik at det kan oppdagast på eit tidleg tidspunkt,
å utarbeide handlingsplan som kan setjast i gong når utbrenning blir oppdaga.
Strategiplan
Alle bedrifter bør også ha ein langsiktig plan for førebyggjing av utbrenning, der dei:
kartlegg kor mange som har vore utbrende, og faktorar som fører til stress, overbelastning og utbrenning i bedrifta,
utarbeid tiltak for å redusere dei belastande faktorane.
Det bør ikkje setjast i gong for mange tiltak. Det beste er å starte med dei tiltaka ein forventar vil ha størst effekt på førebyggjing av utbrenning, og fokusere på desse i ein periode.