Gløymt passord?
Ingen konto? Lag ein
Google
Web cfs-burnout.info
Heim arrow Rask vegvisar arrow Kva kan du gjera?
Kva kan du gjera? Skriv ut E-post
       

       

Er du utbrend, er ikkje kvile aleine tilstrekkeleg for å bli frisk – andre tiltak er også naudsynt.

      

Sjukmelding

Du lyt sjukmeldast! Viss du fortset å presse deg blir det berre verre, og du treng endå lengre tid for å hente deg inn att.

       

Betre søvnrutine

Dårleg søvn er typisk for utbrende. Følgjande kan hjelpe:

  • set av tid på dagen til å løyse eventuelle problem slik at dei ikkje held deg vaken,
  • ikkje innta drikke/mat som inneheld koffein etter klokka 17,
  • ro ned før leggjetid med til dømes roleg musikk eller meditasjon/avspenning,
  • legg deg og stå opp til faste tider.

Rett kosthald

Eit sunt og variert kosthald hjelper kroppen å hente seg inn att. Kutt ut: sukker, kaffi, te, alkohol, kveitemjøl, gjær og raudt kjøt. Et meir frukt, grønsaker og kvitt kjøt.

       

Aktivitetstilpassing

For å hente deg inn att, lyt du slutte å bruke for mykje krefter. Tilpass aktivitetane til kreftene du har ved å vurdere:

  • Kor anstrengjande er aktivitetane?
  • Kor lenge kan du halde på med kvar aktivitet?
  • Lyt du kvile mellom aktivitetane?
  • Er nokon aktivitetar så belastande at du bør utelate dei for ein periode?
  • Kva endringar bør gjerast i den daglege rutinen?

Behandling

Ofte lyt det også behandling til for at utbrende skal bli friske.

  
    

  

Neste (Behandling) >

  


 

 

Korleis kan vi gjera internettsida betre?


Vi er interessert i kommentarar, spørsmål, historier, relevante erfaringar, tankar, forslag til betringar og så vidare.
 
 

 
Last ned e-heftet
Herunterladen
Download the e-book
Vitjingar: 125774