Er du utbrend, er ikkje kvile aleine tilstrekkeleg for å bli frisk – andre tiltak er også naudsynt.
Sjukmelding
Du lyt sjukmeldast! Viss du fortset å presse deg blir det berre verre, og du treng endå lengre tid for å hente deg inn att.
Betre søvnrutine
Dårleg søvn er typisk for utbrende. Følgjande kan hjelpe:
set av tid på dagen til å løyse eventuelle problem slik at dei ikkje held deg vaken,
ikkje innta drikke/mat som inneheld koffein etter klokka 17,
ro ned før leggjetid med til dømes roleg musikk eller meditasjon/avspenning,
legg deg og stå opp til faste tider.
Rett kosthald
Eit sunt og variert kosthald hjelper kroppen å hente seg inn att. Kutt ut: sukker, kaffi, te, alkohol, kveitemjøl, gjær og raudt kjøt. Et meir frukt, grønsaker og kvitt kjøt.
Aktivitetstilpassing
For å hente deg inn att, lyt du slutte å bruke for mykje krefter. Tilpass aktivitetane til kreftene du har ved å vurdere:
Kor anstrengjande er aktivitetane?
Kor lenge kan du halde på med kvar aktivitet?
Lyt du kvile mellom aktivitetane?
Er nokon aktivitetar så belastande at du bør utelate dei for ein periode?
Kva endringar bør gjerast i den daglege rutinen?
Behandling
Ofte lyt det også behandling til for at utbrende skal bli friske.