Gløymt passord?
Ingen konto? Lag ein
Google
Web cfs-burnout.info
Heim arrow Rask vegvisar arrow Kva er utbrenning?
Kva er utbrenning? Skriv ut E-post

        

       

Viss du brukar meir krefter enn det du har til rådvelde, vil kreftene du har reduserast.

Varar dette over tilstrekkeleg lang nok tid, utan at du hentar deg inn att,

vil kreftene reduserast så mykje at du blir utbrend.

         

Symptom

Ein blir ikkje utbrend over natta. Symptoma kjem stort sett svært gradvis – både i omfang og intensitet. Dei fleste opplever at dei mister meir og meir kontroll og føler seg ute av stand til å gjere noko med situasjonen. I tillegg blir ein som oftast usosial, apatisk (eller hyperaktiv), negativ, opplever aukande grad av utmatting og fysisk ubehag. I arbeidet vil ein person som tærer på kreftene, etter kvart få lågare motivasjon, konsentrasjonssvikt og dårligere arbeidsprestasjon både i kvalitet og kvantitet.

      

Faktorer som førar til utbrenning

Hovudårsaka til utbrenning er som oftast arbeidet, men andre sider av livet virkar også inn; som personlege eigenskapar, helse, familie, vener og fritid. Det er den totale belastninga som avgjer kor mykje krefter ein brukar.

      

Kor lang tid tek det å bli utbrend

Tida det tek å tømme kreftene så mykje at ein blir utbrend, heng saman med kor stort sprik det er mellom kreftene ein brukar og kreftene ein har tilgjengeleg. Som den nedste grafen viser, blir ein raskast utbrend viss spriket er stort. Eit lite sprik kan også føre til utbrenning, viss det varar lenge nok utan at ein hentar seg inn att.

       

Rekonvalesens

Er ein utbrend, tek det minste eit halvår med meir eller mindre 100 % sjukmelding for å hente seg inn att. Som oftast tek det eit par år. Viss ein byrjar å jobbe for tidleg, vil ein ha mindre krefter tilgjengeleg og kroppen er meir følsam for belastning enn ved full restitusjon. Dermed kan ein lettare gå på ein smell att, og sjansa er stor for at denne blir større  enn den førre.

     

      

  

    Neste (Kva kan du gjera?) > 

  


 

 

Korleis kan vi gjera internettsida betre?


Vi er interessert i kommentarar, spørsmål, historier, relevante erfaringar, tankar, forslag til betringar og så vidare.
 
 

 
Last ned e-heftet
Herunterladen
Download the e-book
Vitjingar: 125822