Gløymt passord?
Ingen konto? Lag ein
Google
Web cfs-burnout.info
Heim arrow Rask vegvisar
Rask vegvisar Skriv ut E-post

    

           

Er du sliten og uopplagt? Då kan du vere på veg mot å bli utbrend. Det er mykje lettare å førebyggje enn å behandle utbrenning, dess tidlegare du byrjar med førebyggjande tiltak, di betre:

  • Stopp opp og innsjå at menneskekroppen har sine avgrensingar. Di lengre du brukar meir krefter enn det du har, dess lengre tid vil du trenge for å hente deg inn att – i verste fall kan det ta fleire år,
  • Lytt til kroppen – ta signala på alvor,
  • betre balanse mellom restitusjon og aktivitet.

Føler du deg uendeleg tom for krefter? Er alt eit ork? Gjev ting som tidligare var gøy, inga glede lenger? Klarar du ikkje yte som før? Er du konstant spend og ikkje klarar slappe av? Viss du svarar ja på dei fleste av spørsmåla, kan du vere utbrend.

Gjer følgjande:

  • Gå til legen. Sjukmeld deg!
  • nok søvn og kvile.
  • Et sunt og variert.
  • Tilpass aktivitetane dine til forma, og etabler nye rutinar som gjer betre balanse mellom restitusjon og aktivitet.
  • Om naudsynt, få behandling som til dømes fysioterapi/massasje og akupunktur.

Er du utbrend, gjer ein ting om gongen:

  • Konsentrer deg i fyrste omgong om ikkje å bruka for mykje krefter, gjer berre dei endringar som er absolutt naudsynt; til dømes å sjukmelde deg.
  • Etter at du har gitt deg sjølv litt tid, vurder kva andre justeringar, endringar og tiltak som også bør gjerast.
  • Når du har krefter og overskot til det, kan du gradvis bli meir aktiv att.
  • Etter at du kan delta normalt i det sosiale livet og på fritidsaktivitetar, kan du byrja å arbeida att.
     

Etter utbrenning

Viss du har blitt utbrend, vise dette at du har levd livet i fundamental ubalanse. Du har mykje å lære for å unngå at du blir utbrend att.

   

   

   

Neste (Kva er utbrenning?) >

  


 

 

Korleis kan vi gjera internettsida betre?


Vi er interessert i kommentarar, spørsmål, historier, relevante erfaringar, tankar, forslag til betringar og så vidare.
 
 

 
Last ned e-heftet
Herunterladen
Download the e-book
Vitjingar: 125708