|
 Ein strategiplan bør utarbeidast for langsiktig førebygging av utbrenning i bedrifta. Førebygging på ulike nivå Tiltaka bør vere på fleire nivå; bedrift, avdeling og individ. Tiltak bør også utarbeidast som primær, sekundær og tertiær førebygging. Primærførebyggande arbeid handlar om å forhindre at utbrenning oppstår. Sekundærførebygging brukast om tiltak som hindrar at utbrenning blir utvikla hjå dei som allereie er på veg mot utbrenning. Mens primærførebygging rettar seg mot alle i bedrifta, rettast sekundærførebygging mot utsette individ. Tertiærførebygging blir brukt om tiltak retta mot dei som er utbrende både for å motvirke at utbrenninga vare ved, og for å hindre tilbakefall når dei kjem attende på jobb. Då tiltak kan ha effekt på fleire nivå, kan det i praksis vere vanskeleg å skilja mellom dei tre nivåa. Støtte og forståing i bedrifta Tiltaka i seg sjølv har liten verdi viss dei tilsette ikkje forstår kvifor dei blir sett i gong. Evna til å informere og implementere er viktig for å få støtte og forståing i bedrifta. Leiarar spelar ei nøkkelrolle her. Ver merksam på at leiarar (og tilsette) kan trenge tid før dei er klar til å vie tid og ressursar som trengst for å setje i gong tiltak og endre på situasjonen. Involvering av tilsette For best mogleg strategi og gjennomføring, bør tilsette involverast under planlegging, utvikling og implementering av strategiplanen og dei førebyggande tiltaka. Tips ein ven Neste (Generelle personretta tiltak) >
|