Gløymt passord?
Ingen konto? Lag ein
Google
Web cfs-burnout.info
Heim arrow Førebyggjing i bedrifter arrow Kartlegging
Kartlegging Skriv ut E-post

     

Før strategiplanen kan utarbeidast, trengst det følgjande oversikt:

  • Kor utbreidd er utbrenning i bedrifta?
    • kor mange tilsette har vore/er utbrende, eller har stressrelaterte lidingar
    • er utbrenning og stressrelaterte lidingar meir utbreidd i nokre delar av bedrifta enn andre
  • Korleis produserer bedrifta utbrenning? Kartlegg organisatoriske og oppgåverelaterte forhold som fører til stress og utbrenning.

Sjølv om ingen tilsette blir sjukmeldt på grunn av utbrenning og stress, kan det likevel førekome i bedrifta. Utbrenning kan skjulast under andre diagnosar. Tilsette let vere å rapportere stress fordi andre på avdelinga er like uopplagt, og det å vere trøytt er så naturleg at det ikkje fell dei inn å klage. Lågt sjukefråvær kan skyldast at dei tilsette pressar seg til å gå på jobb sjølv om de er sjuke, og resultatet kan bli utbrenning.

   

Utbrenning og stress kan også skjulast ved at tilsette sluttar. Ver merksam på avdelingar der fleire har slutta – det kan vere teikn på dårleg arbeidsmiljø, belastande leiarstil eller overbelastning.

      

Tips ein ven

        

Neste (Strategiplan) >

 
Last ned e-heftet
Herunterladen
Download the e-book
Vitjingar: 125854