Gløymt passord?
Ingen konto? Lag ein
Google
Web cfs-burnout.info
Heim arrow Førebyggjing i bedrifter arrow Handlingsplan
Handlinsplan for tiltak ved utbrenning Skriv ut E-post

       

Kvifor er det naudsynt med ein plan?

Utbrenning kjem ikkje over natta. Kollegaene, ofte leiaren også, har i lengre tid sett at noko er gale. Dei tek ikkje tak i problemet fordi dei ikkje veit kva dei bør gjere. Den som held på å bli utbrend har heller ikkje gjort noko fordi vedkommande føler seg fanga i situasjonen og har vanskar med å sjå moglege løysingar. Ein handlingsplan gjer det lettare å ta tak i problemet for dei som oppdagar at "noko" er gale.

   

Handlingsplan

Planen bør innehalde oversikt over tiltak som blir sett i verk når utbrenning blir oppdaga. Det viktigaste er at planen tek for seg tiltak for utbrende, men den bør også innehalde tiltak for dei i risikosona. Det er både tidkrevjande og vanskeleg å behandle fullt utsprunge utbrenning. Best er det å stoppe utviklinga før tilstanden blir for alvorleg. Dess tidlegare i utbrenningsprosessen ein set inn tiltak, di betre.

   

Planen bør peike på konkrete tiltak:

  • Avdekk kortsiktige tiltak som stoppar utviklinga av utbrenning, til dømes sjukmelding. Det er viktig at den tilsette får ro til å bli frisk og ikkje føler seg pressa til å koma attende på jobb. Tilbakevendinga lyt skje gradvis både når det gjeld timar og prestasjonskrav/ansvar.
  • Avdekk organisatoriske, oppgåverelaterte og personlege faktorar som førde til utbrenninga, og tiltak som kan betre situasjonen. Moglege tiltak er:
    • ved krevjande og stressande oppgåver; syt for at den tilsette får andre arbeidsoppgåver og ein rolegare arbeidssituasjon
    • ved dårleg arbeidsmiljø eller belastande leiarstil; omplasser den tilsette til ei anna avdeling. Er dette tilfelle, bør meir omfattande tiltak også setjast i gong på sjølve avdelinga, eller mot leiaren slik at ikkje fleire blir utbrend
    • den tilsette får opplæring i stressmeistring og eventuelt andre kurs/oppfølging som kan gje betre balanse i/mellom arbeid og liv
  • Etabler langsiktige oppfølgingsrutinar/-tiltak som hindrar tilbakefall av utbrenning.

Planen bør ha oversikt over kven som har ansvaret for dei ulike tiltaka.

    

Tips ein ven

   

Neste (Kartlegging) >

 
Last ned e-heftet
Herunterladen
Download the e-book
Vitjingar: 125824