|
Rett kosthald er vesentleg for å bli frisk av utbrenning. Etter rovdrifta er kroppen tom for krefter og resursar, og treng å byggje seg opp att. Optimale ernæring bør bli prioritert høgt under rekonvalesensperioden. Ein ernæringsekspert kan vere til god hjelp. I eit kosthaldsprogram bør følgjande bli vektlagt: sundt og rett kosthald mat som er lett å omsetje til energi unngå matvarer som kroppen er intolerant ovafor variasjon tilskot av vitamin og mineral
I tillegg er det viktig med gode vanar når ein et. Sundt og rett kosthald, og lettomsetjeleg mat Nokre matvarer er lettare å omsetje til energi enn andre. Kroppen brukar mykje energi på å fordøye til dømes raudt kjøt. Har ein lite krefter bør ein redusere eller kutte ut slike matvarer ein periode. Desse matvarene er sameinte med eit sundt og rett kosthald. Kva for matvarer som er lett for kroppen å omsetje til energi, kan variere noko frå person til person. Som oftast gjeld følgjande: Ikkje et: sukker kaffi te alkohol kveitemjøl gjær raudt kjøt
Et meir: frukt grønsaker kylling og kalkun (djupvanns-)fisk
Grønsaker har varierande effekt. Grønsaker som blir modne i solen gjev mest energi, mens rotfrukter kan ha negativ effekt og ein blir "tommare" for energi. Matintoleranse Under rovdrifta utviklar fleire intoleranse ovafor nokre matvarer. Intoleranse mot mjølk er vanleg. Det er både belastande og ekstra energikrevjande å fordøye mat ein ikkje toler. Unngå difor mat du er intolerant ovafor. Matintoleransetest bli teke hjå legen. Testen viser: Variasjon For at kroppen skal få dei næringsstoffa, vitamina og minerala den treng, er det viktig å ete variert. Dette kan vere vanskeleg viss ein er intolerant ovafor mat som er vanleg i norsk kosthald. I samanheng med matintoleransetesten bli det gitt forslag til mange matvarer ein kan ete - dette kan vere til hjelp. Hugs at sjølv om ei matvare er gunstig for deg, kan dette endre seg. Et du for mykje av den, kan du utvikle intoleranse. Kroppen er ekstra sensitiv under utbrenning, og ein kan lettare enn elles utvikle intoleranse. Vitamin og mineral Får du nok næringsstoff, vitamin og mineral gjennom maten? Er du til dømes intolerant mot mjølk, bør du få i deg kalsium gjennom alternative kjelder. Rovdrifta har redusert kroppens res(s)ursar, og det kan difor vere naudsynt med vitamin- og mineraltilskot. Særskild ekstra antioksidanter, til dømes C-vitamin, blir anbefalt etter utbrenning. I tillegg kan tilskot av feit(t)stoff, til dømes tran eller efalex, ha positiv effekt på kroppens evne til å hente seg inn att. Ginseng Ginseng blir ofte anbefalt. Dette er eit bra produkt for dei som berre er slitne. Ver varsam med ginseng viss du er utmatta eller utbrend. Ginseng får deg til å kjenne deg betre enn det du eigentleg er, og du kan difor lett bli for aktiv og gå på ein smell. Det finnast visstnok nokre typar ginseng som ikkje har denne effekten. Ver generelt varsam med ting som gjev rask betring. Når ein er berre sliten, kan rask betring vere uproblematisk. Men er ein utmatta eller utbrend, er det ingen raske og lettvinte løysningar. Det tek tid å byggje opp kroppen frå grunnen slik at du toler belasting att. Eventuelle raske betringar er berre overflatiske, og det er lite som skal til for at ein går rett ned på felgen att.
Tips ein ven Neste (Psykoterapi) >
|