|
Tai chi er ein variant av qigong, og inneheld ulike kamp- og uthaldsteknikkar. Fyrst lærer ein den langsame forma. Ein serie harmoniske rørsle som blir utført flytande og rytmisk, men svært presist. Etter kvart som ein beherskar den rolege forma, kan ein også lære å bruke Tai Chi som sjølvforsvar. Den langsame forma blir då utført raskt. Kva som skjer under Tai chi: dei indre organa blir massert gjennom konstant rørsle rundt kroppens tyngdepunkt; midja blodsirkulasjonen blir stimulert, du blir varm i fingerspissane og pustar betre immunforsvaret blir styrka og livsenergien blir bygd opp att fordi ein energistraum (Qi) stimulerer dei same energibanene (meridianane) som ved akupunktur øvingane har roande effekt
Tai chi fører i tillegg til at du blir sterkare og smidigare, og den fremjar konsentrasjon, sjølvkjensle, sjølvkontroll, sinnsro og merksemd. Korleis lære Tai chi Det beste er å lære Tai chi av ein Tai chi-meister i klasser. For best mogleg utbyte av Tai chi, bør den bli utført med jamne mellomrom på eiga hand. Det er fleire bøker om Tai chi – særskild boka ”Tai Chi Quan – 24 and 48 movements” med video (YMAA Publication Center) kan vere til hjelp når ein lærer Tai chi. Tai chi chuan Det er fleire stilar av Tai chi. Dei kampinspirerte formene for Tai chi blir kalla Tai chi chuan. Chuan tyder "den høgaste ultimate knyttneve". Sjølve Tai chi har meir å gjere med utvikling av energi (Qi/chi) enn kampteknikkar.
Tips ein ven
Neste (Fysioterapi) >
|