|
|
Heim Utbrenning Symptom
|
Symptom |
|
|
|
Langtids-overbelasting Ved langtids-overbelasting blir ein utbrend etter å ha vore på akkord med seg sjølv over mange år – gjerne fleire tiår. Det er den totale belastinga i livet som er viktig – ikkje berre jobb. Korttids-ekstrembelasting Ved korttids-ekstrembelasting blir ein utbrend etter verkeleg hardkjør på kroppen. Det er vanskeleg å seia kor fort det går å tøme kroppens ressursar og krefter slik at tilstanden blir kronisk. Ved verkeleg ekstreme tilfelle vil nokre månader vere nok. Det mest typiske er eit par år – der belastinga varierer i ulike perioder. Kva er vanlegast? Det vi vanlegvis høyrer om, er utbrenning i samband med korttids-ekstrembelasting. Men er dette den vanlegaste utbrenningstypen? Korttids-ekstrembelasting er mykje lettare å avdekke enn langtids-overbelasting av di det er tydeleg at personen har vore utsett for ein stor belasting. Sjølv om symptoma har kome gradvis, har dei likevel kome raskt nok til at det er mogleg å sjå ei endring. Det er difor mykje lettare å sjå samanhengen mellom årsak og konsekvens ved korttids-ekstrembelasting enn ved langtids-overbelasting. Eitt av symptoma på utbrenning er endringar i personlegdomstrekk. Mange blir hissige og får svært ”kort lunte”. Er livssituasjonen til personen ekstremt belastande, er det lettare for omgivnadene å forklare kvifor vedkomande har blitt hissig; ”Ikkje rart ho ikkje er seg sjølv - så stressande det er på jobben. Ho jobbar heile tida”. Verre er det for ein som held på å bli utbrend etter lang tid med overbelasting. Sjølv om han eigentleg er behageleg og diplomatisk av natur, har endringane i personlegdomstrekka skjedd så gradvis og vart over så mange år at folk no ser han som hissig og ”kortlunta”. I tillegg er han så van med desse symptoma at han har ”gløymt” korleis han eigentleg er.
|
|