Gløymt passord?
Ingen konto? Lag ein
Google
Web cfs-burnout.info
Heim arrow Utbrenning arrow Kva er utbrenning? arrow Naudsynte tiltak
Naudsynte tiltak Skriv ut E-post
”Utbrenning er ein tilstand som oppstår når ein driv så mykje rovdrift på kroppen at alle krefter meir eller mindre blir oppbrukt, og kroppen ikkje er i stand til å hente seg inn att utan langvarig restitusjon og andre naudsynte tiltak".  

Kvile aleine er ikkje tilstrekkeleg for å bli frisk av utbrenning - andre tiltak er også naudsynte. Kva for tiltak varierer noko frå person til person, men tiltaka som hjelper flest er:

  • sjukmelding
  • betre søvnrutinar
  • rett kosthald
  • aktivitetstilpassing

Sjukmelding

Er du utbrend, lyt du sjukmeldast. Fortset du å presse deg, blir det berre verre, og du treng endå lengre tid for å hente seg inn att.

  

Søvn

Dårleg søvn er typisk for utbrende. Sjukmelding er i nokre høve tilstrekkeleg for at kroppen roar seg ned, men dei fleste lyt gjera konkrete endringar for å betre søvnen. Profesjonell hjelp kan vere naudsynt. Ver varsam med medisinar. Av di kroppen er svak, kan medisinar ha negativ effekt på den generelle tilstanden.

   

Rett kosthald

Sunt og variert kosthald hjelper kroppen å hente seg inn att.

  

Aktivitetstilpassing

For å hente deg inn att, lyt du slutte å bruke for mykje krefter. Tilpass aktivitetane til kreftene du har til rådvelde. Sjå på det heile som innskot i ein ”energibank” – der du sakte byggjer opp energikapitalen.

Andre tiltak kan også bidra positivt:
  • Fysioterapi og massasje: Under utbrenning får mange spente og stive musklar - spesielt i skulder og nakke. Å løyse opp desse fører til betre blodsirkulasjon, mindre bruk av krefter, ein slappar av og får betre søvn.
  • Psykoterapi: Årsakene til utbrenning er mange. Nokre blir utbrend fordi dei ikkje innser at kroppen har avgrensningar. Gjennom utbrenningsprosessen har dei for alvor fått lære dette. Andre gonger er ikkje årsakene "lette" å avdekke, og psykologhjelp er naudsynt.
  • Akupunktur: Kinesisk medisin kan vere til hjelp - akupunktur er spesielt effektivt for å få i gong att energien.
  • Legebehandling: Den langvarige slitasjen på kroppen kan ha ført til diverse lidingar eller sjukdomar som treng medisinsk oppfølging/behandling; til dømes diabetes. Ta difor ein grundig helsesjekk hjå legen.
 
Last ned e-heftet
Herunterladen
Download the e-book
Vitjingar: 125391