Gløymt passord?
Ingen konto? Lag ein
Google
Web cfs-burnout.info
Heim arrow Utbrenning arrow Kva er utbrenning? arrow Langvarig restitusjon
Langvarig restitusjon Skriv ut E-post

”Utbrenning er ein tilstand som oppstår når ein driv så mykje rovdrift på kroppen at alle krefter meir eller mindre blir oppbrukt, og kroppen ikkje er i stand til å hente seg inn att utan langvarig restitusjon og andre naudsynte tiltak".  

Tida ein treng for å hente seg inn att, er avhengig av:

  • kor utbrend ein er
  • kor lenge rovdrifta har pågått
  • generell helsetilstand
  • kvaliteten på restitusjonen
  • tiltak ein gjer for å koma attende
Er ein utbrend, tek det minst eit halvår med meir eller mindre 100 % sjukmelding for å hente seg inn att. Som oftast tek det eit par år. Bruker ein kortare tid, tyder det på:
  • at ein anten ikkje var utbrend i utgangspunktet; ein klarte å stoppe i tide
  • eller at ein ikkje har brukt tilstrekkeleg tid på restitusjon og har dermed ikkje henta seg heilt inn att 
Byrjar ein å jobbe for tidleg, vil ein ha mindre krefter til rådvelde og kroppen er meir vár for belasting enn ved full restitusjon. Dermed kan ein lettare gå på ein smell att, og sjansen er stor for at denne blir større enn den førre.
 
Last ned e-heftet
Herunterladen
Download the e-book
Vitjingar: 125406