”Utbrenning er ein tilstand som oppstår når ein driv så mykje rovdrift på kroppen at alle krefter meir eller mindre blir oppbrukt,
og kroppen ikkje er i stand til å hente seg inn att utan langvarig restitusjon og andre naudsynte tiltak".
Rovdrift
Det som blir lagt i ordet ”rovdrift” er eit omsynslaust kjør på sin eigen kropp – der ein brukar meir krefter enn det ein har til rådvelde, utan å hente seg inn att.
Graften til venstre gjev ein forenkla illustrasjon av dette. Den grøne, heile streken viser mengda krefter/energi ein person har, medan den raude, stipla streken viser mengda krefter som blir brukt. Då det er eit sprik mellom kreftene som blir brukt og det personen har til rådvelde, vil mengda tilgjengelege krefter gradvis reduserast. Varar dette lenge nok, vil kreftene bli brukt opp og personen blir utbrend.
Årsakene til spriket mellom kreftene er personen sjølv eller omgivnadene. Som oftast er det ein kombinasjon av indre og ytre faktorar som fører til at ein person blir utbrend. Kva for faktorar, varierer frå person til person, men hovudårsaka er som oftast jobben.
Kor lang tid tek det å bli utbrend?
Tida det tek å tøme kreftene så mykje at ein blir utbrend, er avhengig av:
kor mykje krefter ein har i utgangspunktet
kor stort sprik det er mellom kreftene ein brukar og krefter ein har til rådvelde
Som grafen til høgre viser, blir ein raskast utbrend viss spriket er stort. Eit lite sprik kan også føre til utbrenning, viss det varar lenge nok utan at ein hentar seg inn att.