Gløymt passord?
Ingen konto? Lag ein
Google
Web cfs-burnout.info
Heim arrow Førebyggjing i bedrifter arrow Generelle tiltak arrow Oppfølgingssamtalar
Oppfølginssamtalar Skriv ut E-post

     

Bevisstgjeringa om utbrenning i bedrifta bør vere tilstrekkeleg for at byrjande utbrenning blir oppdaga, men det er ikkje alltid praksis svarar til idealet. Dei årlege medarbeidarsamtalane er heller ikkje alltid tilstrekkeleg kanskje fordi sjefen manglar kompetanse eller den tilsette ikkje ”klagar” til sjefen i redsle for konsekvensar i jobben.

   

Som ekstratiltak bør tilsette difor, med jamne mellomrom, innkallast til samtale om arbeidssituasjonen deira. Samtaleansvarleg bør ha tilstrekkeleg kompetanse og myndigheit til å setje i gong tiltak. Er bedrifta lita, kan bedriftshelsetenesta brukast. Dette skal ikkje vere ein ”koseprat”, men ein reell prat om bedrifta og personen. Hovudfokus skal vere på den fysiske og psykiske helsa til den tilsette i arbeidssituasjonen, men også private forhold kan takast opp. Samtalen er sjølvsagt konfidensiell.

   

Det er viktig at leiinga også blir innkalla til samtale – det er ikkje berre tilsette blir utbrende. Blir ein leiar utbrend, har dette store konsekvensar for tilsette i avdelinga, og utbrenninga kan spreie seg...

     

Tips ein ven

 
Last ned e-heftet
Herunterladen
Download the e-book
Vitjingar: 127872