|
Tilsyn av tilsette som er mest utsett for utbrenning |
|
|
|
 Det bør holdast eit auge med tilsette som er mest utsett for utbrenning - om naudsynt må tiltak setjast i gong. Dei klare kandidatane for utbrenning tek på seg for mykje arbeid, brenn lyset i begge endar og prøver å gjere alt innan ei urealistisk tidsramme - ei arbeidsåtferd som tradisjonelt har blitt verdsett. Det krev ei felles forståing for at entusiasme i jobben er bra for tilsette og bedrifta, men for mykje eller for lenge av dette kan resultere i utbrenning. Det er viktig at desse tilsette ikkje føler seg overvaka eller overstyrt – dette vil dei mislike sterkt. Resultatet kan bli at dei sluttar, og bedrifta misser ein verdfull medarbeidar. Tilsette som har denne personlegdommen, stortrivst ofte i ein hektisk og skapande arbeidssituasjon, og det må vere lov å jobbe slik innanfor visse rammer. Dei er ein stor ressurs for bedrifta, men leiinga må vere klar til å gripe inn viss dei gå utover sine grenser. Det er vanskeleg å merke sine grenser når ein er høg på entusiasme og pågangsmot. Tips ein ven Neste (Oppfølingssamtalar) >
|