Gløymt passord?
Ingen konto? Lag ein
Google
Web cfs-burnout.info
Heim arrow Førebyggjing i bedrifter arrow Generelle tiltak arrow Innføringsprogram
Innføringsprogram for nytilsette og oppfølging av nyutdanna Skriv ut E-post

     

Innføringsprogram for nytilsette

Nytilsette kan vere i faresona for utbrenning. Den fyrste tida på ein ny arbeidsplass kan vere belastande, og på sikt føre til ei uheldig utvikling. For å motvirke dette, bør det vere eit eige innføringsprogram for nytilsette der det mellom anna blir utnemnt ein fadder som følgjer dei opp. Fadderen bør vere ekstra merksam på arbeidsmetodar den tilsette nyttar då desse kan vere utbrenningsframkallande metodar som er tillærd på tidlegare arbeidsplassar.

    

Oppfølging av nyutdanna

Nyutdanna er i ein særskild situasjon og kan, grunna lite (arbeids-)livserfaring, vere aktuelle kandidatar for utbrenning etter eitt par år. Nokre har store ambisjonar og overdreven tru på seg sjølv, sine evner og kompetanse. Andre nyutdanna opplever det motsette, tvilar på eigen kompetanse og føler seg utilstrekkeleg. Ein erfaren fadder kan hjelpe dei både med å takle utfordringane i arbeidslivet og realitetssjokket som mange nyutdanna opplever når dei oppdagar at praksis ikkje svarar til idealforventningane som blei skapt på skulen eller universitet.

  

Tips ein ven

  

Neste (Tilsyn av tilsette som er mest utsett for utbrenning) >

 
Last ned e-heftet
Herunterladen
Download the e-book
Vitjingar: 127789